4. juni 2020

Juni

Sommaren har nett komen til Mannsvatnet. Små musøyre på bjørkene for ei veke sidan, sprang fullt ut i pinsa. Veret skiftar frå sommarsol til småregn til dramatiske skyer, veldig fint.

Hytto er fin, ho skin blank der Lasse har malt nytt. Leigebuaren vår (røyskatten) har flytta frå loftet og ned i kjellaren, ser det ut til. Det er mykje skit og gangar i isolasjonen under golvet. Kanskje litt kyllingnetting rundt lukeholet kan hjelpa..? Det er nok vanskeleg å halda han vekke. Kjøleboksen var nedskjete og måtte spylast og vaskast med klorin. Det er sikkert best å ha ein ekstra plastboks oppi, om ein vil nytta 'kjøleskapet'.

Har bytta kammer i doen, den forrige er ca halvfull, og står no innerst til modning. Det er ikkje så mykje små dofloger nett no, men nytt flogemiddel står oppå skapet.

Tips til neste: ta med AA-batteri om de vil høyre på DAB-radioen. Elles vert det Radio Haugaland på den gamle..

Det er ekstra mykje snø i fjellet i år. Godt å brenna tørr brakje
og anna rask etter vinteren..

Fisketur med den vesle grønne båten. Ingen fisk,
men fint bilete av hytta.

'Tunbjørkene'

Staselege fjell, frå Solfjell-foten



Kraftig søraustavind, noko kjem til å koma..

Frå Storhaug.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar