17. juli 2010

Båtskade

Båten drog i ilesteinen og gnog mot ein stein då det kom kraftig søraust vind ei natt. Dette kunne skjedd med nokon og ein kvar. Eg dokumentarar skaden slik at nødvendig materiale kan takast med.

Ein god regel må vera å dra båten opp på slippen om natta, og berre bruka bøyen når ein har tilsyn med han.

Båten ligg fint på kaien, og det er greit å arbeida med han der, trur eg.
Det er 4 "suer" som har fått sprekk/gnag, og det er hol/sprekk tvers gjennom nokre stader.Ca. 40 x 40 cm. Båten har no ein presenning på for å halda skadestaden tørr.

Ei nagle har slept taket, kjøljernet står noko ut, og båten lek litt akter. Vi treng ein rustfri bolt/maskinskrue og ein pakning.

Vi må jo også ha litt kaffi.

Ei anna sak er at tuntreet vårt ser ut til å ha fått banesår. Det er berre nokre forkrøpla brune blad att, mens heile skogen elles er grøn og fin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar