17. mars 2019

Til fjells

Vinteren går baklengs, det er meir snø no enn for ein månad sidan. Føret er dårleg, men det går fint å bruka ski frå langt nede i skogsvegen.
Det har ikkje vore mange heile soldagar i vår, men her er to gode halve, på fjellet: ein flott ettermiddag og kveld, og like fint neste morgon og formiddag.
Dagen går med til viktig arbeid; måka snø, olje hengsler, koke kaffi, sola seg..










 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar