13. september 2023

Seinsommar

 Seinsommar, haust, litt vanskeleg å seie. Så lenge det heng grøne blad på bjørka, seier vi sommar..

Iallfall fint ver første dagen, blankt og fint å ro over vatnet. 

Hytta er fin, men det var litt rusk i silen på vatnet nede i koplingen ved veggen.

Kvelden er stille og fin, fyr i bålpanna













19. april 2023

Isen går snart

 Det alltid interessant å sjå kva tid isen går om våren. Denne veka skjer det ikkje, men det er ein spennande råk attmed Solfjellsida. Nok til polarekspedisjonar i både Nordvest- og Nordaustpassasjen. Av andre vårtegn kan nemnast hoggorm, vask av doen, tetting av hjørneveggen i 'hukken', og fine ljosare kveldar.



Denne krabaten trødde eg
nesten på, barbeint..
Ein flott hoggorm ute i 
vårsola


Is og vatn på ein gong

Fin solnedgong i Nordvestpassasjen


Ulvanåso i kveldsljos er alltid like flott

Det er noko eige med vårkveldar, 
dei lovar ei fin tid

Her er "eggeskalet" på sjøen, klar for
ekspedisjon innover Nordaustpassasjen





20. januar 2023

Første besøk 2023

 2023      Nytt år, nye mogelegheiter..


Det er iallfall mogeleg å gå til fjells, opp skogsvegen med blå swix og ein god del laussnø. Veldig fint når ein kom opp på fjellet. Eit par timar i solkroken, kaffi og matpakke, og prøvekjøyring av aggregatet, så er dagen omme. 


Det vert ikkje stort betre..
Frå stranda nedanfor Ståle si hytte.


Det er ikkje så mykje snø som ein skulle tru, det er lett å
slå ned på stein og brakje. Blikk stille og varmt i veggen.






15. november 2022

Vinteropplag

 Kjell har vore til fjells og kopla ut vatnet i springen, og snudd båten. Heldigvis var Hans Gustav oppe i same ærend, så dei gav kvarandre ei hand.



Dag har montert ei lita takrenne på vedskjulet
over solkroken.











12. august 2022

Fin sommarhelg

Sommaren har sine topphelger, og dette er ei av dei; veldig fint på fjellet frå torsdag til laurdag. Mykje soling og bading, men og litt nytte: bygd dam til vassverket, det var merkeleg nok litt lite vatn i bekken.. Har ordna litt på båtane: det grøne eggeskalet og Askeladden.


Det er frisk bris og fleire og tjue grader


Litt vaklevoren utsynsplass på haugen



Augustnatta sig på,
fullmånen er snart på vei opp


Ein fin morgon vert truga av skodde som 
sig inn frå Stemno. Letta snart.



 

Gratulerer med Oddlaug sin nye båt, den ser
både fin og lett ut.
Den gamle (Askeladden) er reparert noko mhp. 
tiljer og esingar, og er framleis ein god båt.

Sydenstemning i fjæra. Det er berre å velta seg
uti når sola vert for varm.




30. mai 2022

Våren er komen

 Skrale saker: har ikkje vore til Mannsvatnet sidan før påske...

No når våren er komen i fjellet er det fint med ein overnattingstur. Gauken gjel og løvsangaren kvitrar og det er berre stas.

Nyttar det fine veret til å tøma og vaska doen.
Det går veldig greit med hageslangen. 
Komposten går i eit hol i ura.


Øl i solnedgang

Båten vår ligg framleis på Kutangen, og ventar
på minst to sterke folk til sjøsetjing..
Men vi har fleire båtar, ma. dette vesle 
eggeskalet. Kjekk båt når ein er varsom.







8. april 2022

Påskehelga 2022

 Gunn Sølvi seier at dei skal ikkje bruka hytta i påskehelga, så då er det greit for andre. Sei likevel ifrå til ho, så det ikkje vert dobbelt..



19. mars 2022

Knallhelg i mars

 Det har kome mykje snø i det siste, og det no `påskeforhold` på fjellet. Føret skiftar frå dag til dag ettersom ny snø kjem på. I helga midt i mars er det tining frå sola om dagen, og skareføre om føremiddagen: veldig bra!

Temperaturen er vel litt under 0 om natta og opp i 10-12 om dagen, i lune krokar.


Mannsvatnet ligg innbydande i ettermiddagssola,
men eg vågar meg ikkje utpå isen. 


Det er berre å få ut flagget for å feira livet


Dette er det einaste ljoset å sjå når kvelden fell på

Sundagsmorgonen er nydeleg, sjølv om det tek
litt tid for sola å koma seg over Solfjell.









20. januar 2022

Første tur i eit nytt år

 Godt nyttår, folkens.

Veret har ikkje vore mykje å skryta av i det nye året, men no på torsdag er det eit glytt mellom stormane.

Sola lokkar på fjellet; han er knapt å sjå i Eikeskaret, frå Neset. Då er det fint med ei overnatting på fjellet.

Oi for kveldsstemning!  Isen er berre 4-5 cm tjukk


Nordavind er greit, for då er det ly i kroken. 
Fullt mogeleg å ha kaffikosen ute. Sol!


Dagen kallar for flagg. Legg merke til at det mest
ikkje er snø, berre nokre fonnar og 3 cm nysnø..


Neste dag: bleik, grå og fuktig







11. desember 2021

Førjuls-tur

 Ein fin tørr og kald periode går mot slutten, og den siste dagen ber det til fjells. Det er berre ein dagstur, og dagen er kort, så det vert kaffi og matpakke..

Ikkje heilt enkelt å henta kaffivatn..
Det må ha vore eit fæla ver og bølger nett 
når isen la seg. Isen er ikkje meir enn 4-5 
cm tjukk.



"Eggeskalet" er kasta rundt av vinden og
fylt med vatn, og is. Vi får håpa han ikkje sprekk
 sund.



Sola står lavt og greier ikkje Geitadalstinden, litt før 
klokko ett. 'Mørketida' varer omtrent ein halvtime


Det er litt sur sønnavind, og kaffien vert
servert inni vedskjulet. Sola står rett inn døra,
og det er lunt og fint, med utsyn.





23. oktober 2021

Vinteren er på besøk

 Det er ruskut for tida, og det vert med ein dagstur. Denne laurdagen er det finver og nysnø, og det er vel tid for å gjera klart for vinteren..

Hytto står fin og ryddig, og det er godt med ein kaffikopp og matpakke i solkroken.

Ingen tvil, vinteren helsar på

Første punkt er å spa ut snø fra båten


Stilige snø-krullar frå taket

Ljost og fint med nysnø, men litt baskje å gå

Seljekrattet held på blada, enn so lenge


Vassinntaket er løfta opp, og leidninga tømt

Båten er lagt i vinterstilling, så heretter får
de gå rundt vatnet..