1. januar 1970

Hytta vert bygd

Midt under siste verdskrigen sat 8 kameratar ("8-gruppa") i Ungdomslagshytta Fjelly. Det var Kjell - Eirik - Bjørn - Gjert - Tor - Nils - Magne - Lars. Dei lurte på om ikkje dei skulle byggja seg eiga hytte ved Mannsvatnet. Den måtte liggja på nordsida av vatnet, innunder Solfjell.
Resultatet vart at det skulle byggjast hytte, og den skulle setjast opp med eigne krefter. 8-gruppa bestemte kor stort bygget skulle verte, og korleis ein skulle få tak i byggjematerialar og få desse på plass ved Mannsvatnet.


Tømmeret vart hogd i skogen ved Rødsselet








Lars Rød, eigar av garden 121/2, og far til Nils, Magne og Lars, gav 8-gruppa lov til å ta av skogen i utmarka i Rødslio. Emne til rammer, stender, golvbjelker og sperr vart øksa til passande virke ved Rødsselet. Desse materialane vart bore opp på Steinheiane.


Karane tek ein pust i bakken.

Frå venstre: Kjell, Tor, Gjert, Lars, Magne, Eirik, Lars Rød d.e.
Nils og Bjørn er ikkje med på biletet.




Tømmer til bordkledning og sutak vart hoggen ved Rødsselet og dregen til bøgarden til Lars Rød. Hesten Hulda drog siste stykket til sjøen, og tømmeret vart deretter slept med 2 robåtar til Rosendal for saging, til bordkledning og sutak. Ein motorbåt slepte ferdigskore trevirke attande til Rød. Materialane vart lagra i bøkkerverkstaden til neste vår.


Tømmeret vart slept til sjøs med hesten Hulda.












Alt byggemateriale som skulle til fjells vart då samla ved bøgarden til Lars Rød. Frå bøgarden og opp til et stykke nedanfor Rødsselet vart det strekt ein løypestreng. Alle materialar og anna utstyr vart sveiva opp for hand, og frå øvste strengfeste vart alt bore opp på Steinheiane. Deretter overtok Hulda transporten over Steinheiane og inn til Mannsvatnet.
Då materialane var på plass der hytta skulle stå, var det for 8-gruppa å få satt byggverket opp. Og det gjekk fint.



Materialen vart frakta opp på Storhaug med løypestreng, og vidare med hest.






Hytta er ferdig og skin mot eit speglblankt Mannsvatn.














I mange år vart hytta svært mykje nytta av 8-gruppa med slekt og vener. Men tida gjekk og kameratane vart eldre, fekk andre interesser, og nokre reiste bort frå Uskedalen. Etter kvart minka 8-gruppa. dermed vart det heller lite med vedlikehaldet av hytta. No har heldigvis etterfølgjarane av 8-gruppa overteke hytta, utvida den og vølt det som måtte til. Hittil er 177000 kroner brukt, og det er blitt ei veldig fin hytte. Dei opphavelege 8 partane er minka til 6 partar.


















Partar i hytta

2 kommentarer:

  1. flotte bilder frå gamle dagar.
    -det var verkeleg bedre vær før....

    SvarSlett
  2. Vi i "okka by" synest det er ei framifrå fin side du har laga Dag. Mykje fin historisk dokumentasjon.
    Vi gler oss til "Fjellstova" er ferdig restaurert.

    SvarSlett