18. september 2010

Ei våt hausthelg

Det er ingen tvil om at hausten er komen. Ei skikkeleg hausthelg med regn heile dagen fører med seg mykje indreteneste.. Men det er likevel triveleg på fjellet.

Det lettar litt, og kvite skoddebankar kikkar opp bak Stemno.

Eg såg ikkje over vatnet heile dagen.

Vatnet står 40 cm over kaien...og båten må dragast langt opp i lyngen.

Vassverket er ein skummande foss. Det verkar likevel fint, men vatnet er litt brunt. 

Fjøslykta heng ute når mørkret sig på. Då er det godt å koma innandørs.


Søndagen kjem med betre ver og nyvaska natur.

Litt arkeologi: her er grunnmuren som Leif Sunde bygde i 1952. Han hadde planar om hytte berre 50 m innanfor vår, men rauk uklar med grunneigaren. Det vart aldri meir enn tuften. Sjå hytteboka 1. mai 1952:

Det er så høg vasstand at det er vanskeleg å sikra båten. Halve skuta er nedi vatnet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar