3. februar 2020

Vinter 2020

Det har vore lite snø i vinter, og ein må til fjells for å kjenna vinteren. Ikkje minst må ein opp i høgda for å sjå sola! Dei tre dagane i februar byr på alt frå snøstorm til strålande sol. Hytta har det bra, og er glad for å få besøk..  Veden som Lasse og Jørgen la opp i november, er kløyvd og stabla i 'uteskjulet'.

Litt nysnø, men vatnet er ikkje islagt, litt uvanleg.


Det er lite snø, inga fonn på taket.

Ikkje problem å henta vatn, i alle fall.


Den vesle Rødshytta har fått nytt tak. Veldig
kjekt at nokon tar seg av han.

Fjellstovo i vinterdrakt, etter ein natts snøkav.


Neste dag kjem med morgontåke, som lettar til den finaste
formiddag på lenge.

Påskestemning i solveggen. Solvarmepanelet går så det susar,
bokstaveleg talt. Aggregatet funkar, bare velstand.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar