9. februar 2017

Nytt år 2017

Det nye året er framleis nytt, men Jørgen har vore oppe nokre dagsturar, og Dag har freista overnatting i vinterkulden. Det er overskya, så varmepanelet har ikkje vore aktivt, og det er -4 gradar inne! Litt kaldare ute med -5.5...  men kva gjer det når ein har ovn og varm lapskaus mm.

Vinterkveld på Mannsvatnet












Det er lite snø i fjella våre i år. Det er inga
problem å gå på beina heile vegen til vatnet.

Hytto slik ho alltid bruka å vera. Lite snø.
Fullmåne over Solfjell og ljos i hytto.
Det er så sterkt ljos av månen at ein kan gå i
terrenget midt på natta.

Dammen ved Stemno er ikke ferdig enno, men 
det er klart korleis damkruna vil sjå ut. 

Jørgen har hogd nokre småbjørkar, og Dag held 
fram med kapping og kløyving. Nyveden er
merkt inni det nye vedskjulet bak hytta.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar