19. november 2016

Vinteren kjem

Sjølv om det er grønt og fint nede i bygda, har vinteren meldt seg på fjellet. Dag vassar i nysnø til opp på leggen på Langhaugane. Turen over Kjeldhaug, Storhaug og Steinheiane er og blir den finaste måten å koma seg til fjells, iallfall når ein ikkje ber for tungt. Det er stemningsfullt ute og fint å vera inne i hytta.
Vatn må hentast i vatnet, takk til Lasse som stengde 'vassverket' i tide.




Det er kanskje 20-30 cm snø

Litt uvanleg med ope vatn og snø




Steinheiane er eit fint landskap



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar