18. mars 2017

Kort tur i mars 2017

Dag har god tid for tida (...) og tek ein tur på laurdagen sidan det trass alt er litt sol.
Det er alltid kjekt å koma på fjellet. Denne gongen hadde eg ski med opp gamlevegen over Kjellhaug, og på Storhaug kunne eg ta dei på. Det var eit lukkeleg val, og ein fin tur innover Steinheiane, og heime ved hytta hadde det nok vore tungt utan ski.

Det er ikkje allverden med snø på Steinheiane,

men meir enn nok når ein går i krok og sving.

Ojoj, det er vent når kveldssola gyllar haugane.

Hytto tek seg like fint ut som vanleg,
kanskje betre..


Soleglad 

Neste dag: fargane har skifta til blygrå:
'Noko kjem til å koma..'



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar