20. januar 2006

Mannsvatnet og fjellet omkring


Mannsvatnet ligg i ein mjuk og frodig fjelldal, imellom barske høgfjell med blokkmark og alpine former. Frå Tverrfjell strekkjer den U-forma dalen seg mot vest, med Stølsvatnet og Mannsvatnet glitrande i dalbotnen. Isen som ein gong grov ut dalføret, svinga seg ned i Uskedalen ved Steinheiane, og Langhaugane ligg att som restar etter sidemorenene. Mannsvatnet opnar seg mot vest, utløpet er dels regulert ved Stemno, og Tverrelva kastar seg nedetter Kjærlandslio.


Langhaugane si geologiske historie (frå naturhistorisk Vegbok Hordaland).










Dette er heimefjellet til Uskedalen, og her er beitemark, turterreng og hytteområde.



Mannsvatnet fra Langhaugane.














Mannsvatnet sett frå Barmen.
(foto av Ragnvald Myklebust)


Utsyn frå Tverfjell ein fin påskedag i 2005.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar