18. januar 2006

1. Fjelly

    Ungdomslagshytta "Fjelly" vart sett opp i 1917, og er i særstilling den eldste. Hyttehistoria er omtala på Uskedalen.no sine sider. Dette er Uskedal Ungdomslag si lagshytte, og godt nemndsarbeid og iherdig dugnadsinnsats ligg attom dette verket. Hytta har skifertak (!), og det kom godt med at alle som skulle til fjells, tok med seg ei helle kvar. Fjelly er vølt og utvida fleire gongar, og er vel dobbelt så stor no som i starten.
    Fjelly ligg fint til i inste enden av Mannsvatnet, på ein voll nedanfor Solfjellsida. Utsynet mot vest femnar heile Mannsvatnet like til Steinheiane.











    Ungdomslagshytta Fjelly

    Utedoen
    Naustet

    Ingen kommentarer:

    Legg inn en kommentar