3. april 2021

Vedhogst i påsken

 Påsken i år var vel ikkje av dei finaste, sjølv om det var eit par riktig flotte dagar. Ingen har lege over i hytta, men det har vore dagsbesøk.

Påskeaften er Dag på formiddagstur i finveret, og samstundes dukkar Lasse og Jørgen opp med motorsag for å fella ein stor bjørk som er halvt rotvelta. Det vert bra med ved, kortreist og god. 

Det er fint å gå sidan myrene er frosne, og det er klart at den finaste ruta ned er over Kjeldhaug.

(No er det så mange som har omsut for aggregatet at det går som bare det...)

Lasse er sagførar





Jørgen fortener kaffi





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar