21. april 2011

Påska 2011

Påska 2011 er ei vårleg drøymepåske, sjølv om skiføret ikke er det beste. Vatnet er ikkje trygt, iallfall er det ingen som kjenner seg kalla til å freista lukka. Men varmt og godt, og bjørkesprett heilt oppe rundt vatnet! Snøen smeltar framfor auga våre.

 Vi er ute i aller siste liten med å få materialar til uthuset opp skogsvegen. Kåre Vetrhus gjer ein kjempejobb og fortener stor takk! Geir og Gjert er med og lastar på snøscootaren, medan Oddlaug og Jørgen allereie er på plass på toppen og sjauar materialane forbi eit snøbart stykke.

 Alt er klart på Hauglandsfjellet, for siste etappe ned til vatnet. Det er ikkje mogeleg å få planken over vatnet, så det vert lagra like innom Mannsbu.

 Kjekt å kjøyra snøscooter! Vi kjenner oss rimeleg trygge; Kåre har hatt scooter sidan han var 16...

 Det er veldig hardt arbeid å føra materialar til fjells..

 Det er fleire punkt på programmet denne onsdagen i påskeveka: nedsaging av tunbjørka krev motorisert sag. Skiløping med motorsag vil aldri verta nokon populær nordisk grein, det kan vi slå fast.

Det er viktig med ein kaffipause før grovarbeidet tek til. Gjert, Jørgen, Geir og Dag i hytteveggen.











Dag og Jørgen parterar bjørka. Det er minst ein apekatt i treet.

 
 Ein glad gut.

Ein gal gut




Oddlaug og Jørgen ved den imponerande stammen.


Greinene er vekke, og Jørgen kjempar med stammen. Til slutt laut han gje seg (stammen altså), men han er ikkje lett å partera, og motorsaga gjekk tom for bensin.

Seinare går Oddlaug og Jørgen ned att, medan Dag, Geir og Gjert blir over natta.


Etter ein frisk skitur på råten snø, lyng og brake er det tid for å prøva den nye hyttedusjen. Godt lunka vatn fra ovnen er gode greier!
.



Slik ser det ut etter at bjørka er vekke. Når først galt skulle vera, så er det mykje opnare og ljosare. Det vil verta ein fin krok når utbygget er ferdig.

 













Isen ligg enno, men ved Stemno er det ope vatn.

Seinare i påska var Oddlaug og Jørgen på overnatting, og til slutt låg Ann-Mari og Torbjørn over i 2 netter. Så det var då litt liv i Fjellstovo denne påska.


PS.
Vi har fått ny hyttebok av Annlaug, og ho er no boren til fjells og innvia. Takk Annlaug!

 Vassverket er i gang att etter ein kald vinter; det er vatn i springen og hageslangen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar