3. april 2011

Tunbjørka

Tunbjørka har vore ein del av hytta sidan ho vart bygd. Det er inga bilete frå den tida, men allereie tidleg på 50-talet er ho med, og ser ut til å vera mange år gamal. Det er ei staseleg bjørk med ei stor rikule og diger krune.

Bjørka såg litt skranten ut allereie hausten for to år sidan, og i fjor sommar visna alt lauvet. Ho såg heller trist ut, og vi må vel innsjå at ho er daud.

Eg foreslår at vi sagar ned tunbjørka i påska. Ho vil gje mykje god ved til glede for alle, og det er berre leit å ha eit vissent tuntre.


..det er godt å kvila middag ute, vakna opp, og sjå rett opp i bjørka..


Her er tuntreet i eit litt stilisert maleri som Tor har laga.



Kari nedanfor hytta eingong på 50-talet. Tunbjørka er med, og det er jamen ikkje mange andre tre omkring hytta.


Akvarell av Tor, truleg frå 50-talet, då hytta var gul.


I 2006 var hytta ganske sliten, men bjørka var fin!
Det var då det vart bestemt å gjera noko med hytta.


Filigransmønster om vinteren i bjørkekruna.



Akk, her har tunbjørka vår kasta alt lauvet, på finaste forsommaren 2010.



Norsk Kjærleikssong, Tor Jonsson

Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka. Du er brur
under fager himmel.
Båe er vi norsk natur.

Eg er molda, djup og svart.
Du er såkorn, blankt og bjart.
Du ber alle voner.
Båe er vi det vi vart.

Er er berg og naken li.
Du er tjørn med himmel i.
Båe er vi landet .
Evig, evig er du mi.




Bjørk, Hans Børli
Djupt i hjertet våker
dette vakre syn:
Grindkrokbjørka heime,
kvit – mot skogens bryn
…..
Takk for at du gjorde
skogen mindre mørk.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar