20. mai 2017

Fjelly har 100 års jubileum

Ungdomslagshytta Fjelly har 100-års jubileum laurdag 20. mai. Hundrevis av folk er til fjells, inklusive Dag. Eg går opp Kjellhaug og ror frå Fjellstovo over vatnet i den vesle grøne båten som eg har fått av Hans Gustav. Han er eit 'eggeskal', men gjer ein fin entre med flagg i baugen.


Hyttevollen er full av folk, og det kryr av båtar på vatnet.

Janne og Anette frå hyttestyret ynskjer velkomen

Lina (presten) og ... syng og spelar gitar

Jimmy Øvredal, 'villmarkens sønn', les lyriske
naturdikt og fortel røvarhistorier

Musikklaget har teke turen til fjells

Triveleg inni gapahuken om kvelden med 
jommagraut og noko attåt, sjølv om regnet kom 
til slutt.

Neste morgon er det atter strålande sol..
frå frokostplattingen på Fjellstovo

Bjørka har nett sprunge ut. Her ligg den gule og
grøne båten.


Båten er klar i støa innanfor Kutangen. Lat oss
håpa at vatnet framleis vert fylt heilt opp.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar