29. juni 2017

Botanikar-besøk frå Ølve

Dag og Berit har besøk på Neset av Jan Berge, ein god ven med røter i Ølve. Uskedalsfjella gjer seg kanskje best derfrå, så då er det klart at vi må til fjells for å sjå dei på nært hold. Jan og Dag går opp over Kjellhaug ein fin kveld. Det tek si tid, ikkje minst av di vi må studera alt som veks og kryp undervegs. Det er kjekt med ein som veit kva blomane heiter, så her gjeld det å følgja med..


Ingen tvil om at 'gamlevegen' over Kjellhaug og Steinheiane
er finast, om enn han kan kjennast tung i blant.

Heiblåfjør i 'Hyttelia' ovanfor Norli 

Jan kosar seg på hytta, og snart ventar hamburgar
og steikjepylse. Vi freistar og fiskelukka med den
vesle grøne båten. Fisken bit ikkje, men det gjer
knotten! 

Morgonfrokost på terrassen.

Vi går ein tur oppom Råkjo på Solfjell, her utsyn
mot Melderskin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar