2. juni 2019
20. januar 2006
Mannsvatnet og fjellet omkring
Mannsvatnet ligg i ein mjuk og frodig fjelldal, imellom barske høgfjell med blokkmark og alpine former. Frå Tverrfjell strekkjer den U-forma dalen seg mot vest, med Stølsvatnet og Mannsvatnet glitrande i dalbotnen. Isen som ein gong grov ut dalføret, svinga seg ned i Uskedalen ved Steinheiane, og Langhaugane ligg att som restar etter sidemorenene. Mannsvatnet opnar seg mot vest, utløpet er dels regulert ved Stemno, og Tverrelva kastar seg nedetter Kjærlandslio.

Langhaugane si geologiske historie (frå naturhistorisk Vegbok Hordaland).
Dette er heimefjellet til Uskedalen, og her er beitemark, turterreng og hytteområde.

Mannsvatnet fra Langhaugane.
Utsyn frå Tverfjell ein fin påskedag i 2005.
Lagt inn av
Dag Hermansen
0
kommentarer
Kategori: 5 - Mannsvatnet
19. januar 2006
Hyttene ved Mannsvatnet
I tillegg ligg det hytter ved Stølsvatnet, på Storhaug, på Ljosnesaksla og nede i Rødslio.
Hyttene ved Mannsvatnet vert først presenterte i kronologisk orden:
Les meir om ho i eigen lenkje
2. Mannsbu
3. Rødshytto
Lagt inn av
Dag Hermansen
0
kommentarer
Kategori: 5 - Mannsvatnet
18. januar 2006
Frå historielaget bok 3: Hyttene ved Mannsvatnet
Lagt inn av
Dag Hermansen
0
kommentarer
Kategori: 4 - Dagleg bruk, 5 - Mannsvatnet
17. januar 2006
1. Fjelly
Fjelly ligg fint til i inste enden av Mannsvatnet, på ein voll nedanfor Solfjellsida. Utsynet mot vest femnar heile Mannsvatnet like til Steinheiane.
Lagt inn av
Dag Hermansen
0
kommentarer
Kategori: 5 - Mannsvatnet













