Viser innlegg med etiketten 3 - Nybygget. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 3 - Nybygget. Vis alle innlegg

15. juni 2013

Sommaren er her!

Det er den aller finaste tida no rett før jonsok, sjølv om alt er fleire veker seinare enn vanleg. Bjørka er tett og grøn, fuglane syng, sauen skit, og Dag er til fjells og bankar.

Det er ikkje så mange andre til fjells denne helga; det går helst føre seg nede i bygda med aktivitetsdag. Kåre jobbar på hytta og uthuset sitt, og Ragnvald ror over vatnet på laurdagskvelden.

Søndag er det Solfjellsløpet, og dei er velsigna med uventa godt ver. Det er mange folk å sjå på Raakjo.

Sola skin på Nåso enda det nesten er midnatt.

Planen er å laga til platting i den nye kosekroken.
Etter 5 vender over Hauglandsfjellet etter material
kjenner eg kvar stein der, men det hjelper å ha
båten på sjø siste strekket.
 
Plattingen vert fin med skrå kant.

Den fyrste frokosten ute på plant underlag.
 
Det kjem besøk 1: Jørgen har gått over alle fjell
frå Hauglandsfjellet til Gråfjell og Tverfjell og
Solfjell. Då er det godt med bad og kaffi og mat.
 


Det kjem besøk 2: Ei veldreid dame med 3 vakre
døtre er nyfikne på kva som skjer. Dei har nok
vore her før, det er saueperler overalt.

Vi har fått hushjelp: ho heiter Melissa og er eit
rivjern til å arbeida. Eit drag i aggregatet, inn med
kontakten; og Melissa tryllar vekk støv og skit.

24. november 2012

Takplatene vert montert

Etter mykje snakk og skriving og bestilling og purring, er tida inne for å gjera ferdig taket på vedskjulet. Knut Erling fekk beskjed om at nye plater var klare på Kvinnherad Bygg, og han la dei inn på låven på Neset. Gjert og Dag tok turen i helga, kappa platene i rett lengde, og køyrde til fjells med dei utpå laurdagen.


Det er ei tung og uhamsleg bør i sønnavinden, men karane er ved godt mot. Heldigvis ligg nysnøen høgare oppe på Hauglandsfjellet, og det er heimekjent blautmyr over fjellet. Vi hadde tenkt å gå rundt vatnet, sidan storebåten ligg i vinteropplag. Men vatnet er stille og fint, og det gule eggeskalet (Johanna sin båt) vert redninga, for det er skjit å bera takplater i lengda. Båten er forresten vinterlagt ved Fjellstovo.
 
Taklektene festar vi utanpå presenninga, som fungerar som eit undertak. Mørkret fell på og det er klarver og kveldsstemning.
 
Så kjem månen opp bak Solfjell, og det er magisk novembernatt, inniblant alle uvershelgene!
 
 
Då er det inneteneste med fyring i omnen og levande ljos, kveldsmat med øl og danseband i radioen.
 
Vi er tidleg oppe og tek ei økt før frokost, med eit par havrekjeks innanbords. Vi er litt redd veret skal skifta, men det held opplett heile dagen.
 
Frukosten er servert, det er cowboy-frukost i dag og. Lundal-bacon høyrer til på fjellet, det forstår seg!
 
 
Verket er ferdig, og vinteren kan koma. Aggregatet tok kvelden akkurat rett før siste skruen. Det står att finpuss med takkasser og renner, det tek vi til våren..
 
Vassverket er stengt, for ein gongs skuld i tide, før det heile frys til. No er det berre luft i slanga, så oppstarten til våren skulle gå greit.
 
**********************************************
 
Ei anna sak: då vi opna døra og såg fram til angen av fjellhytte, slo ei grusom lukt imot oss! Møllkuler!

Det er sikkert i beste meining, men museplagen må kunna døyvast med andre middel enn dette. Her er hytta impregnert over 70 år med røyk, parafin, bacon, kaffi, ved og andre gode fjelldufter. Naftalin er det verste vi veit, veit vi no. Det må ALDRI meir koma innanfor hytta sine mange veggar, og finn de fleire kvite "klinkekular" i krik og krok, så få dei ut.

 
På flaska har eigaren stotra:
ei kule med godlukt frå Otra,
ho skræmer bort mus
som vil inn i vårt hus,
men kula bør hivast bak Sotra!
 
 

17. oktober 2012

Yri-dugnad

Denne veka seint på hausten mobiliserar Yri'ane sterkt, gjer dugnad på Fjellstovo og kosar seg på fjellet. Mykje bra arbeid er gjort, naudsynt før vinteren.





Båtfestet har drege seg litt til sida, og treng litt forankring. Mannskapa er klare for ein tur over vatnet. Båten er forresten vinterlagt no, etter at dugnaden er ferdig.




   
Etter lang tid på lista over gjeremål, vert taket over
"gamlehemsen" tapetsert og mala. Helga, Oddlaug og Kjell i sving. Det ser veldig lyst og fint ut, men plata rundt ovsnrøyret
står att.






Oddlaug malar med stø hand.




 
Det har kanskje ikkje vore innflyttingsfest, men vedskjulet er uansett fylt med ved og reiskapar. Det er i tillegg forankra i grunnen, så ikkje vinterstormane fer ille med det.
All ekstra material er lagra tørt attom hytta og skjulet.
 
 

Botnrama er forankra i steinen under vedskjulet.












Jørgen styrar i "skykkjo". Den er no fylt med våt ved som låg ute, medan den tørre veden er på plass i skjulet.
Etterkvart kan vi vel riva skykkjo, ho er ikkje noko arkitektonisk meisterverk.





Utan mat og drykk osb..  Jørgen og Lasse trivst med god
frukost.






Bjørnar slit med forankring, under kledninga. Tippar han tenkjer @%!# at dette kunne vore gjort på førehand....
Takk for innsatsen: så finn vi ikkje vedskjulet att på Langhaugane.





















Det er fint på fjellet om hausten
 
 

1. september 2012

Vedskjulet

Det er tid for å gjera ferdig vedskjulet, iallfall nesten...
Ei fin arbeidshelg er det, og veret skiftar frå strålande sol på fredagen til overskya og opplett om laurdagen. Om kvelden er det slutt og uveret slepp laus.

Dag er her heile helga, og Gunn Sølvi og Kåre kjem opp på laurdagen. Saman kler vi opp heile skjulet, og Dag gjer ferdig dør og trapp på søndagen.

Så nestemann kan gjerne flytta saker og ting frå gangen og ut i huset, inntil hytta, og stabla veden inn (i den enden som er lengst frå hytta). Om veret tillet, mala veggene raude, elles står nok kledningen til våren. Og, bera takplatene opp (!) og kanskje få dei på taket...


Det kan vera fint å jobba på fjellet.



Etter arbeid ventar ein forfriskning.

Kåre kler på veggen.


Det er luftig enno, men presenning vert lagt på taket.
Takplatene skal på eingong..

Så er det ferdig, så langt. Trur presenningen skal halda
hausten inntil platene kjem til fjells.

Litt framand no, men maling og lister vil nok hjelpa.


OBS! Det verka som ein god ide å ha ein sjølvlåsande
gjerdelås på døra, men etter å nesten ha låst meg inne,
trur eg at vi skal skifta til ein skåte...  
Pass døra om du er aleine!















Slik ser det ut no frå ymse vinklar.

Ein trist melding til slutt: tuntre-dauden har teke Ragnvald
 sitt tre foran den gamle "Arnesen-hytta".



5. august 2012

Kranselag for tilbygget

Dag er på søndagstur og lagar sperr på det vesle tilbygget.

Slett ikkje verst å jobba på fjellet. Det ein manglar på snikkar-erfaring, tek ein att på grubling og kokekaffi..
Kranselaget vert feira med smågodt rett frå posen.




Før







Etter



















Sperra er sett opp med c/c 60 cm. Med Knut Erling sitt første sperr som mal, og litt større innhakk, er det greit nok å fullføra rekkja. Vi manglar kanskje lekter (?). Takplatene glimrar framleis med sitt fråver. Knut Erling er på saka, og i verste fall har vi ein presenning inntil vidare.






31. august 2008

Vi isolerar golvet

Det har vore mykje snakk om å isolera golvet i hytta. Det er golvkaldt og krev mykje fyring på kalde dagar. Men det har no budd folk i hytta i 65 år..

Mykje bra forarbeid er gjort i undergrunnen, Svartaholet, som eigentleg har betre forhold enn ein skulle tru. Denne fine torsdagen er Ragnar, Dag og Knut Erling m/familie oppe og hoppar i det: golvet skal isolerast.


















Mannskapene ror over vatnet.



Det er harde tak under golvet, og Glavaen klør godt. I det tronge kryperommet gjeld det å bruka armar og bein og boremaskin som best ein kan.


Som de ser, Ragnar gjev alt for å få platene skrudd fast oppunder spikerslaga.


Det er og tid til ein matøkt. Laila, Elin, Even, Knut Erling og Ragnar rundt bordet.
















Knut Erling forar rundt dørene til doen og den nye gongen. Vi frå kjellaren er litt misunnelege på arbeidsforholda.


Klassisk kvilebilete frå haugen.



Her ser vi eit døme på kvifor nokon kan tenkja seg ein større båt..






Om lag 2/3 av golvet er isolert. Det står att ei stripe langs køyene som må takast nedanfrå. Under køyene er det truleg best å ta opp golvet og isolera frå oversida. Der er det heller ikkje så nøye korleis det ser ut. Men det får bli ein annan gong.