Viser innlegg med etiketten 9 - Arbeidsplan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 9 - Arbeidsplan. Vis alle innlegg

8. juni 2021

Arbeidsplan


Hastar:

Snart:
  • Stramma opp begge båtstøene, og kanskje skifta ut oppdrag-spela. Justera båtstøa på Kutangen, med tanke på "flo" i Mannsvatnet, kanskje og fjerna steinar for "fjøra".




Framtida:
  • Setja inn eit nytt glas i  veggen som står att mellom vedskjulet og hjørnet? Det vil gje godt med ljos i stova og fint utsyn mot søraust.
           



Her er ein litt enkel fotomontasje som synar korleis det kan ta seg ut med glas mot søraust.












Og her er ein enda enklare fotomontasje sett innanfrå (sjå bort frå detaljane og prøv å tenk korleis det kan bli).




8. mars 2021

Trenings-aggregatet

I ei fjern fortid (2006), då hytta skulle byggjast på, måtte vi ha straum-aggregat. Dag skaffa aggregat frå Mekk; heldigvis vart det testa av Ragnar og Knut Erling før helikoptertransport: det var ikkje i orden...

Mekk'en tok att aggregatet, og eit anna som var i Åkra vart transportert til fjells, og har jobba godt under bygginga og forsåvidt seinare.

I dei seinare åra er det likevel verre og verre å få start på, særskilt i kaldt vær og etter lang kvile. Det har vorte eit slags treningsapparat, og gjev veldig god mosjon for dei lange ryggstrekkarane, tricepsen og sikkert nokre fleire muskelgrupper. Det er også godt for lungekapasiteten å brøla inni vedskjulet når ein har drege 50-100 gongar i snora.

Dag og Berit er oppe for å sola oss og eta matpakka, men også med den magiske STARTGASS-boksen i sekken. Kort sagt: ei kort gassing inn i chokespjeldet, 2 drag i snora, og maskina går! Så det kjem snart ein flunkande ny gassboks på hylla. Dei som vil trena, kan halda fram som før.


To gode kameratar


Hytta etter litt "blyant-triksing"







7. september 2016

Vøling av båten

Etter fleire mellombels reparasjonar er det tid for den endelege løysinga: ny glasfiber og polyester med topcoat oppå. Pluss nye skruar og lim under kjølbandet. Trur resultatet vart bra, det vert spanande å ta fyrste roturen.

Ragnar og Dag fekk låna "Lillebror"-traktoren av Arne, og det var ein slags luksus å køyra til fjells i slik ein doning. Ingen problem med humpar i vegen.




Litt uvanleg å koma så langt opp

Veldig viktig med kaffipause både før,
under og etter arbeidet.
Noko må ein gjera medan polyesteren herdar..



Lærebok i glasfiber-reparasjon: sliping, tørking,
glasfibermatte dynka i polyester med herdar.


Vatnet er sterkt tappa ned på grunn av arbeid
ved Stemno.