Meir sommar
Endeleg nokre dagar med samanhengande godver. Etter ein tung tur opp over Kjeldhaug vart det eit halvhjerta bad i vatnet, iallfall opp til magen.
Elles har eg forsøkt å laga vassdemningen litt tettare og betre. Har og montert ein slags sil på inntakslangen, så vi ikkje får inn rusk som tettar slangen. Det hadde vore heise..
Siste er eit lite solcellepanel med tilhøyrande lyspunkt, nok til å lesa og lada telefonen. Det er ikkje ferdig enno, men funkar forsåvidt i vedskjulet.
Ny mjuk spyleslange vart innvia med å vaska doen og byta om dunkane.
Ikkje å forgløyma: sola seg, ro litt, fiska litt eta god mat og sjå på det fine fjellet.
![]() |
| Eit lite 50 W solcellepanel |
![]() |
| To båtar på Kutangen: Askeladden og eggeskalet |




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar