Litt uvanleg rute på fjellet
Dag er ein tur til fjells, og legg heimturen over Solfjell og Ljosnesaksla og Rødslio. Det er tildels ukjende stiar i stor villmark. Rødslio er noko for seg sjølv med si store furuskog. Det er litt Lars Monsen-kjensle når ein kryssar på langs utan å finna skikkeleg sti..
| Det er ein ny fin sommarkveld, og litt gamal kledning gjev god kveik i bålpanna. Røyken er litt hjelp mot knotten. Kan ikkje hugsa at knotten var så fæl her oppe før, men det var han sikkert.. |
| Det lakkar mot kveld, og kvelden er mykje mørkare enn han var midtsommars. |
| Det er kjekt å stå opp i slikt vær. Einaste ulempa er at sola ikkje kjem opp bak Solfjell før nærare halv ni. |
| Lukevatnet på Solfjell er kjelda til drikkevatnet vårt. Det er og veldig fint her oppe, litt frodig høgfjell. |
| Endå eit vatn på Solfjell, dette renn mot Omvik- dalen. Juklevasskruna og Fonno i bakgrunnen. |
| Frå nordsida av Solfjell, fint der og.. |
| For dei hytteinteresserte: Linkebu på Ljosnesaksla ligg i furuskogen med utsikt mot Rosendal og Omvikdalen. Utsikta minkar ettersom trea veks, her som elles på fjellet. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar