15. oktober 2016

Meir haustsommar

Oktober-sommaren vil ingen ende ta, og det er ikkje ofte at hytta er nytta so mykje på denne tida.
Lasse og familien (Adriana og Ann Cecilie) er til fjells heile helga, saman med Helga og Bjørnar. Det er solskin om dagen og fullmåneskin om natta, kan ikkje verte betre.

Arbeidet med båtstø held fram, og det vert veldig bra, både landingskai og reinska opptrekk.

Heile gjengen samla: Bjørnar, Adriana, Helga, Ann Cecilie,
Lasse og Oddlaug. Jørgen tek biletet.
Godt uteverande midt i oktober
Ann Cecilie fjollar seg

Båtstøa er vorten veldig fin, og kan jamvel
nyttast til badestrand..





Litt kulturhistorie:
Den gamle båten vår er dukka opp i mudderet
innanfor Vetle-Kutangen (ved Belle-Bine-Bu),
no når vassyta er seinka.
Det er vel mange som hugsar båten med delte
minner. Han kunne vera lekk og tung til tider.
Det var en 'flatbotnar' bygd på Sunde, som Tor
fekk tak i og som sidan vart dregen til fjells. I
fylgje hytteboka rodde dei på vatnet allereie i
1950, men dersom nokon veit når båten kom, sei
frå. Og ikkje minst, når vart han borte? Kanskje
ein storm tok han og seinka han?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar