6. oktober 2016

Haustsommar

Denne hausten har vi hatt det eine høgtrykket sterkare enn det andre, og kjensla av sommar er framleis tilstades. Oddlaug og Jørgen er til fjells denne torsdagen, og Dag kjem og opp på kveldinga.

Vatnet er framleis nedtappa med opptil 1.7 meter, så det ser løye ut med breie strender og nye øyer og skjær. Men det er og mogeleg å mura kai og rydda i stranda. Lasse har vore oppe og bygd steinkai, og Jørgen og Dag held fram med steinarbeid.

OBS. Båten er lagt i vinteropplag på Kutangen, grunna den lave vannstanden som vil vare fram mot vinreren. Då er han iallfall nyreparert og klar for neste sesong..


Dei siste strålene er viktige,
saman med turpilsen..



Solnedgong og flotte himmelsyn tek pusten 
frå oss.
Oddlaug festar noko til filmen.

Her er stranda nedanfor hytta. Jamen bra det
ikkje ser slik ut til vanleg. Det er berre å gløyma
å nytta båten.

Her er syndaren. Det er arbeid på gong,
men det tek visst lenger tid enn planlagt.

Båtstøa er murt opp av Lasse og Jørgen, til glede
for landingar når vatnet stig.

Denne ugla slo seg til i bjørka
utanfor, nokon som kjenner han?

Jørgen murar brygge og ganagveg. Ikkje noko å
seie på arbeidsveret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar