24. november 2012

Takplatene vert montert

Etter mykje snakk og skriving og bestilling og purring, er tida inne for å gjera ferdig taket på vedskjulet. Knut Erling fekk beskjed om at nye plater var klare på Kvinnherad Bygg, og han la dei inn på låven på Neset. Gjert og Dag tok turen i helga, kappa platene i rett lengde, og køyrde til fjells med dei utpå laurdagen.


Det er ei tung og uhamsleg bør i sønnavinden, men karane er ved godt mot. Heldigvis ligg nysnøen høgare oppe på Hauglandsfjellet, og det er heimekjent blautmyr over fjellet. Vi hadde tenkt å gå rundt vatnet, sidan storebåten ligg i vinteropplag. Men vatnet er stille og fint, og det gule eggeskalet (Johanna sin båt) vert redninga, for det er skjit å bera takplater i lengda. Båten er forresten vinterlagt ved Fjellstovo.
 
Taklektene festar vi utanpå presenninga, som fungerar som eit undertak. Mørkret fell på og det er klarver og kveldsstemning.
 
Så kjem månen opp bak Solfjell, og det er magisk novembernatt, inniblant alle uvershelgene!
 
 
Då er det inneteneste med fyring i omnen og levande ljos, kveldsmat med øl og danseband i radioen.
 
Vi er tidleg oppe og tek ei økt før frokost, med eit par havrekjeks innanbords. Vi er litt redd veret skal skifta, men det held opplett heile dagen.
 
Frukosten er servert, det er cowboy-frukost i dag og. Lundal-bacon høyrer til på fjellet, det forstår seg!
 
 
Verket er ferdig, og vinteren kan koma. Aggregatet tok kvelden akkurat rett før siste skruen. Det står att finpuss med takkasser og renner, det tek vi til våren..
 
Vassverket er stengt, for ein gongs skuld i tide, før det heile frys til. No er det berre luft i slanga, så oppstarten til våren skulle gå greit.
 
**********************************************
 
Ei anna sak: då vi opna døra og såg fram til angen av fjellhytte, slo ei grusom lukt imot oss! Møllkuler!

Det er sikkert i beste meining, men museplagen må kunna døyvast med andre middel enn dette. Her er hytta impregnert over 70 år med røyk, parafin, bacon, kaffi, ved og andre gode fjelldufter. Naftalin er det verste vi veit, veit vi no. Det må ALDRI meir koma innanfor hytta sine mange veggar, og finn de fleire kvite "klinkekular" i krik og krok, så få dei ut.

 
På flaska har eigaren stotra:
ei kule med godlukt frå Otra,
ho skræmer bort mus
som vil inn i vårt hus,
men kula bør hivast bak Sotra!
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar