9. februar 2013

Kald februar 2013

Det er vinter, bygda ligg i dels i skuggen, men på fjellet skin sola året rundt! Skogsvegen er ikkje kjørbar, men desto meir gangbar, og med skifellar på ber det avgarde oppetter lia. Takk til dei som gjekk føre og laga spor; nokon i Hansbu, tenkjer eg, for der er det lys om kvelden.























Kald morgon, termometeret seier -7 ute og 0.6 inne...då er det bra at gassomnen nett er montert og klar til innsats. Saman med gamle gode Jøtul 602 får han dreis på varmegradane, og ikkje lenge etter putrar Lundalflesket i panna, medan kaffien kokar.



Sola stig opp bak Solfjell og strålene stryk langsmed vatnet. Isen er trygg, det kan vi trygt seie: nesten ein halv meter!
 
Ein av aktivitetane er montering av stikkontakt inne i hytta og leidning gjennom veggen ut i vedskjulet, og her er elektrikaren i sving. Etterpå vert opplegget prøvekøyrt med ei grundig støvsuging inne i hytta...
 
Men ein kan ikkje arbeida heile tida: ein må også sola seg.
 

Februarsola er slett ikkje verst, og påskestemninga kjem sigande. Vedskjulet har fått ny skåte, og gjerdelås for å halda døra oppe, so no skal ingen verta innelåst og funnen eit halvt år seinare...


 
 
 
Kan nestemann som er oppe skru på solvarmepanelet, eg gløymde det...
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar