Yri-dugnad
Denne veka seint på hausten mobiliserar Yri'ane sterkt, gjer dugnad på Fjellstovo og kosar seg på fjellet. Mykje bra arbeid er gjort, naudsynt før vinteren.
![]() |
Båtfestet har drege seg litt til sida, og treng litt forankring. Mannskapa er klare for ein tur over vatnet. Båten er forresten vinterlagt no, etter at dugnaden er ferdig.
![]() |
Etter lang tid på lista over gjeremål, vert taket over
"gamlehemsen" tapetsert og mala. Helga, Oddlaug og Kjell i sving. Det ser veldig lyst og fint ut, men plata rundt ovsnrøyret
står att.
![]() |
Oddlaug malar med stø hand.
Det har kanskje ikkje vore innflyttingsfest, men vedskjulet er uansett fylt med ved og reiskapar. Det er i tillegg forankra i grunnen, så ikkje vinterstormane fer ille med det.
All ekstra material er lagra tørt attom hytta og skjulet.
![]() |
Botnrama er forankra i steinen under vedskjulet.
![]() |
Jørgen styrar i "skykkjo". Den er no fylt med våt ved som låg ute, medan den tørre veden er på plass i skjulet.
Etterkvart kan vi vel riva skykkjo, ho er ikkje noko arkitektonisk meisterverk.
![]() |
Utan mat og drykk osb.. Jørgen og Lasse trivst med god
frukost.
![]() |
Bjørnar slit med forankring, under kledninga. Tippar han tenkjer @%!# at dette kunne vore gjort på førehand....
Takk for innsatsen: så finn vi ikkje vedskjulet att på Langhaugane.
![]() |
Det er fint på fjellet om hausten








Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar