Blank is før jul
Vi er i seinaste laget for å tappa ut vassverket. Vi må hogga slangen ut or bekken, det er is i ølet, men etterkvart sprakar det i omnen og det er gode greier.
Vi har med ny stige til hemsen, og den kan jo vera grei å ha dersom ein går gjennom isen. Men isen kan vel bera ein elefant, visstnok skal 14 cm vera greit for folk.
Vintermorgon
Isboren maktar ikkje denne iskvaliteten, så øksa er best uansett.
Ein einsleg skeiseløpar glir over isen, det er Bjørn Egil Haugland som er oppe for å prøva isen.
Vi er og på glattisen, og ein kjem i hug Bambi. Det er forresten ikkje noko å seia på isprepareringa.
Vi snur båten for vinteren og går mot ein stilig solnedgang.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar