Fin sommarhelg
Sommaren har sine topphelger, og dette er ei av dei; veldig fint på fjellet frå torsdag til laurdag. Mykje soling og bading, men og litt nytte: bygd dam til vassverket, det var merkeleg nok litt lite vatn i bekken.. Har ordna litt på båtane: det grøne eggeskalet og Askeladden.
![]() |
Det er frisk bris og fleire og tjue grader |
![]() |
Litt vaklevoren utsynsplass på haugen |
![]() |
Augustnatta sig på, fullmånen er snart på vei opp |
![]() |
Ein fin morgon vert truga av skodde som sig inn frå Stemno. Letta snart. |
![]() |
Gratulerer med Oddlaug sin nye båt, den ser både fin og lett ut. Den gamle (Askeladden) er reparert noko mhp. tiljer og esingar, og er framleis ein god båt. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar