3. april 2010

Påska 2010

Påska 2010 vart inga drøymepåske med omsyn til veret. Fjellstovo låg tom og einsam, men Oddlaug og Jørgen overnatta ei natt tidleg i veka. Det kom mykje nysnø den natta, men han vart blaut allerede neste morgon.

Dag var oppom ein snartur på påskeafta, og då såg det slik ut:

Det er framleis ein del snø, men mykje er nysnø som brånar fort.Vatnet ser fint og trygt ut, men det er truleg ikkje tilfelle. Eg gjekk iallfall rundt.


Her er det ikkje lenge før det er bar bakke.


Det er på tide å gå heim, det ser ut som at sola vil ta kvelden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar