14. mai 2010

Maidagar på fjellet

Mariann og Dag er oppe og ligg over frå  fredag til laurdag. Vi flaggar fordi det er så fint på fjellet no.



Båten er i vinteropplag, men no er det klart for sommarsesongen, og han ligg på lunnane.


















Vi et middag ute i kveldssola. Den lange plata er eit forsøk på ryggstø i benken inne, men funkar og som eit slags spisebord.


 Vi ror rundt heile vatnet utan å få fisk på stanga. Det er ein ven kveld inne i Barmen.


Den nye kvilebenken er ferdig. Steinane i midt på veggen er murt til ein låg benk eller kanskje bord, og det er planen å laga ein benk til på andre sida. Gå gjerne til fjells og prøv benken!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar