13. februar 2010

Vinterprakt

Geir og Dag går opp fredag kveld i den blå timen, og når fram til hytta når natta fell på. Men det er stadig eit svakt vinterlys. Isen er mest halvmeteren tjukk, så eg trur vi kan slå fast at det er trygt å ferdast på vatnet. Men desto verre å hogga seg ned og henta vatn.
Det er -7 gradar ute og +3 inne, mest grunna solvarmepanelet, trur eg.

Vintereventyr på Mannsvatnet. Geir i farta over glitrande snø og grøn-Swix-føre.
Vi steikar pytt-i-panne på omnen.

Skål for ein fin kveld. Vi må tilstå at "vinterølet" går med, men her gjeld ikkje "lagra lengst, verd å venta på". Botnfrosen pils, tint på ovnen, vert aldri heilt bra. Eg veit ikkje kven eigaren er, men nye forsyningar skal nok opp..

Strålande morgon med nattlykta på plass.

Dette er bra saker.

Sommarøl på vidvanke.

Etter kort tid får vi temperaturen opp i 30 gradar, sjølv om det er store variasjonar frå golv til tak, og frå omn til sengekøye.

Nede i kjellaren er det ein solid is-sjø, der "hyttebekken" har frose til og laga isjukler. men det er framleis luftrom under golvet, og frisk lufting.

Fryseboks.

Det er mest ikkje eit vindpust, og livet er bra i solveggen, med kaffi og god lektyre.


Det er eit rikt utval med høgverdig litteratur på hytta.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar