24. februar 2007

Arbeid i vinterferien 2007

Bjørnar, Oddlaug og Jørgen er oppe mest kvar dag i vinterferieveka, og resultatet er ein meir privat do, og utrom som er altfor fint til å lagre ved :-) ...Det har vore snakk om ørelappstol og pub-krok, men det vert vel tidsnok rot der.


Bjørnar og Jørgen snekrar stenderverk bakom doen.


Stemningsbilete utover Mannsvatnet mot Englefjell. Det er speilblank is på vatnet, og det var fleire enn ein som tenkte på Bambi då vi gjekk over vatnet på ski.


Laurdagen er Jørgen, Oddlaug, Kjell og Dag i veg, og vi får gjort ein heil del.
Her er Jørgen og Dag i sving på hemsen. Vi saga oss veg gjennom veggen til den nye hemsen, og der skal golvplatene leggjast.


Sjå nøye på dette biletet, det er siste gongen du får sjå doen frå denne kanten, det syter Kjell for.


Det er ein iskald austavind, og uteteneste vert begrensa til det mest naudsynte. Det er forresten flott å vera utstyrt med proffverktøy.


Golvet på den nye hemsen er lagt, og leggjaren kvilar ut. Det er knapt liv i knea ette nokre timer på hardt underlag, og det er freistande med ein liten lur.


Kjell på trona. Viss ein vågar å ha døra open, er det ein framifrå utsyn frå doen, sikkert på høgde med dei beste i Noregs land.


Jørgen og Dag er litt stolte av den nye veggen i vedboden (som er altfor fin til ved?)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar