8. april 2007

Påske 2007

I påska er det mykje aktivitet, sjølv om ingen ligg over natta. Det er strålande vær i palmehelga og nokre dagar i påskeveka, men så vert det kaldare og nysnø mot slutten.


Kari Anne, Knut Inge, Oddlaug og Jørgen er oppe mandagen før påske. Ytterveggen i vindfanget vert bordkledd heilt opp.


Johanna er med Oddlaug og Jørgen tirsdagen i påskeuka. Det er godt med ein kaffitår i hytteveggen imellom øktene.


Er det tvil om kven som har den finaste utsikta frå doen?

Tor Jarle fullførar listinga på doen, det tek til å bli fint der inne.


Folksomt ved Fjellstovo dagen etter. Ei snøbyge synar at vinteren ikkje er omme ennå.

Vi har besøk av folk fra Kolltveithytta.
fv. Gunn Sølvi, Tor Jarle, Ann Mari, Hanna, Dag, Geir, Målfrid, Odd. Hans Gustav med ryggen til.


Hans Gustav og Brit Tove.


Geir og Gjert på isen på Mannsvatnet.




Vi har motorsaga med, og det er vorte mykje ljosare og lettare etter at tre digre graner har gått i bakken. Det er 37 årringar på den største. Dag med trofeet.

Jørgen blant grankubbar og svære kvisthaugar.

Tåka smyg seg langs Solfjell.


Oddlaug slår siste spikaren i panelborda i den nye gangen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar