21. januar 2007

Fjellstovo i vinterdrakt


Hytta tar seg godt ut i vinterskrud, og stormen Per ser ikkje ut til å gjort skade. Men ein liten røyskatt som vi såg utanfor, har nok også vore inne og ruska litt.


Geir skriv i hytteboka. Vi var bra slitne etter å ha gått i meterhøg snø siste stykket ned frå Langhaugane.

Apropos hytteboka; vi tok med den eldste boka til bygds, så interesserte partar kan mimra litt. Onkel Tor får han først, så kan de andre sjå etter kvart.



Men så fann vi to par treski på hemsen, eitt par var visstnok Birger'n sine. Med litt tauverk og provisorisk binding rundt gummistøvlane, og eitt par staver på deling, kunne vi suse heimover Steinheiane og ned Stålevegen.



Nesten som Sondre Nordheim.






Slik kan det sjå ut i vinterfjellet.
Frå Storhaug oppetter Steinheiane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar