8. mars 2021

Trenings-aggregatet

I ei fjern fortid (2006), då hytta skulle byggjast på, måtte vi ha straum-aggregat. Dag skaffa aggregat frå Mekk; heldigvis vart det testa av Ragnar og Knut Erling før helikoptertransport: det var ikkje i orden...

Mekk'en tok att aggregatet, og eit anna som var i Åkra vart transportert til fjells, og har jobba godt under bygginga og forsåvidt seinare.

I dei seinare åra er det likevel verre og verre å få start på, særskilt i kaldt vær og etter lang kvile. Det har vorte eit slags treningsapparat, og gjev veldig god mosjon for dei lange ryggstrekkarane, tricepsen og sikkert nokre fleire muskelgrupper. Det er også godt for lungekapasiteten å brøla inni vedskjulet når ein har drege 50-100 gongar i snora.

Dag og Berit er oppe for å sola oss og eta matpakka, men også med den magiske STARTGASS-boksen i sekken. Kort sagt: ei kort gassing inn i chokespjeldet, 2 drag i snora, og maskina går! Så det kjem snart ein flunkande ny gassboks på hylla. Dei som vil trena, kan halda fram som før.


To gode kameratar


Hytta etter litt "blyant-triksing"







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar