28. februar 2019

Snøfattig vinter

Dag er til fjells akkurat når vinteren skiftar til vår, etter kalendaren. Det er mest ikkje snø lenger, sol og varmt om dagen, kaldt om natta. Vatnet er frose, men isen ser ikkje særleg god ut. Eg går opp over Kjeldhaug og går fint på beina heile vegen.

Hytta har det fint, ingen ubedne gjester på loftet i år. Det manglar eit 9V røykvarslarbatteri, varslaren pip.. Ta gjerne med eit dersom nokon skal opp.

Flott soleglad over frose Mannsvatn

Det mørknar, og fjøslykta er einaste ljos på fjellet


Vi har fått ein rosa kasse, frå ein eller annan (?)
Vi får ha ein ide-tevling, kva kan han brukast
til? Barskap? Dokkestove? 

Ja, alt står bra til..


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar