15. juni 2013

Sommaren er her!

Det er den aller finaste tida no rett før jonsok, sjølv om alt er fleire veker seinare enn vanleg. Bjørka er tett og grøn, fuglane syng, sauen skit, og Dag er til fjells og bankar.

Det er ikkje så mange andre til fjells denne helga; det går helst føre seg nede i bygda med aktivitetsdag. Kåre jobbar på hytta og uthuset sitt, og Ragnvald ror over vatnet på laurdagskvelden.

Søndag er det Solfjellsløpet, og dei er velsigna med uventa godt ver. Det er mange folk å sjå på Raakjo.

Sola skin på Nåso enda det nesten er midnatt.

Planen er å laga til platting i den nye kosekroken.
Etter 5 vender over Hauglandsfjellet etter material
kjenner eg kvar stein der, men det hjelper å ha
båten på sjø siste strekket.
 
Plattingen vert fin med skrå kant.

Den fyrste frokosten ute på plant underlag.
 
Det kjem besøk 1: Jørgen har gått over alle fjell
frå Hauglandsfjellet til Gråfjell og Tverfjell og
Solfjell. Då er det godt med bad og kaffi og mat.
 


Det kjem besøk 2: Ei veldreid dame med 3 vakre
døtre er nyfikne på kva som skjer. Dei har nok
vore her før, det er saueperler overalt.

Vi har fått hushjelp: ho heiter Melissa og er eit
rivjern til å arbeida. Eit drag i aggregatet, inn med
kontakten; og Melissa tryllar vekk støv og skit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar