25. mai 2013

Grunnlag for frokostplatting..

Dag er oppe ein tur med ny bålpanne, så vi kan grilla eller ha kveldsbål utan å kverke plenen. Gjerne brenna opp gamal kledning i ro og mak.

Det er akkurat bjørkesprett no, fuglane syng og isen er smelta heilt vekk sidan pinsehelga.



Det er ein fin krok innmed vedskjulet, og det vil
gjera seg med ein treplatting her, trur eg. Her er
ei prøvemontering for å sjå korleis det kan ta seg
ut. Kva synes de, skriv gjerne ein kommentar..
elles kjem han..
 



Hytta tek seg bra ut etter at vedskjulet vart mala.
 
Båten ligg fint på land enno. Slippen har drege
seg litt skeiv, men det ser ut til å kunne ordnast.
Eg har kjøpt skruar og muttre og vil gjerne tetta/
festa kjølbandet, so han ikkje lek slik som i fjor.
Det hadde vore greit slik han no ligg, men berre ta
han på sjøen om det trengs, så tettar vi seinare.
Dei nymala årene ligg klar innunder båten.
 

  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar