5. september 2009

"Fjellstovo vassverk"

Dag er til fjells heile helga for å sjå sommaren bli haust. Den nye vasken med innlagt vatn er topp, og no blir leidningen gravd ned og gøymd bort i busk og kratt.























Kveldsstemning på myra ovanfor "Arnesen-hytta", no Ragnvald si. Dette er hovudvegen ned frå Langhaugane, og her må vassleidningen vera skjult.


Inntaket er ein kulp i bekken frå Solfjell, den siste som går tørr på denne sida. Det er kanskje eit større problem at bekken fløymer over om hausten og fører rusk og rask som kan tetta slangen. Ei plastflaske med små hol høver som sil.




Bekken frå Lukevatna på Solfjell er vel den som sist går tørr på denne sida av Mannsvatnet. Han renn ut nede i "badevika" nedanfor Rødshytta, og inntaket vårt er eit stykke ovanfor myra der stien går.

Det ser ut til at høgdeforskjellen minus friksjon i leidningen gir akkurat passe trykk i springen, så det har vore eit bra utlegg.























Vassleidningen er 170 meter ialt. Han blir gøymt så godt det lar seg gjera i brakje og kratt. Gjennom myra er det berre ein ting som nyttar: å grava han ned. Dette blir veldig bra, og slangen er knapt synleg.






























Haustkveld















Det er berre ei bjørk som har fått haustfargar, og det er nok tuntreet vårt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar