23. august 2009

Nyvinningar på fjellet

Dag, Geir og Åse (på Neset)er på snartur for å snusa inn litt frisk fjelluft. Dessutan smakar kaffien og kakaoen betre på fjellet... Hunden Snorre var diverre ikkje tilstades då biletet vart teke, då han ikkje er særleg glad i korkje steinur eller glatte båtsider. Han kom likevel til rette og syntes han hadde hatt ein fin tur, han og.














Ein del arbeid er gjort i løpet av sommaren, og små og større konstruksjonar har vorte laga .
Her er eit lite utval, utført av Ragnar & Co.








Platting under utevasken
















Fylt jord i søkket utanfor hytta, og sådd plen.


Det tar til å spira i den nye plenen, dersom ein siktar langs bakken.











"Fjellstovo Brygge"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar