15. november 2008

Klart for vinteren

Vinteren står for døra, og Dag er til fjells ein tur for å gjera klart skip. Vi skal ikkje ha reprise med mus i maten og bol i dyna.

Det er "flo" i Mannsvatnet, og gamlebåten ligg ikkje lenger langt oppe på land. Men han ligg godt.

Begge båtane ligg basta og bundne, og kan trygt møta vinteren. Godt opplag av Ragnar & Co. Den nye vår ligg til venstre (trur eg).

Eg går rundt vatnet. Tverrelva går høgt ved Stemno, og det er ikkje mogeleg å komma seg over. Men brua lenger nede er redninga.
Sjeldan frisk Tverrelv. Ein kan høyra elvesusen over heile vatnet.

Kveldskos med hytteboka.
Vinden har ruska opp det minste vedlaet, og veden er våt tvers gjennom. Men hovudlaet står greit.


Matskapet har fått ny farge, og forgjengeleg mat er tatt ned. Det er att rikeleg med kaffi, både koke- og filtermalt. All mat er lagra i skapet, for det meste i boksar.


Sundag morgon kjem med snø og vinterstemning.
Heftige snøbyger feiar inn frå nordvest.
Myrlandskap ved Stemno

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar