Ei fin hausthelg
Dag er oppe denne fine septemberhelga, og ror over vatnet idet fullmånen stig opp over Tverrfjell.
Mykje småkratt står att etter hogsten tidlegare i vinter, og det vert klypt nådelaust ned, mens dei fine vaksne bjørkene får stå.
Johanna og mange andre Yri'ar (Kjell "sine") ligg over i Fjelly. Dei er over i Fjellstovo og lånar garn.
Dag er på besøk i Fjelly seinare på kvelden. Det er nydeleg soleglad, og stemningsfullt å ro i måneskin.
Martin ror foreldra sine, Janne og Michael.
Matskapet er endeleg gjort ferdig. Det er musetett og rommeleg. Vi får finna ut av hyllevalg etterkvart. (Det skal koma ei ekstra dør øverst..)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar