3. mai 2008

Tidleg mai på fjellet





Våren er enno ikkje komen på fjellet, endå bjørkene står grøne og fine nede i lia. Det er framleis is på vatnet, men det byrjar å sprekka opp innmed land.


Eg (Dag) går opp frå Rød, og er innom Blomstøl og helsar på Annlaug og Lars Inge og hundane. Det er fint å gå heile vegen frå fjord til fjell.


Nede i bjørkelia ved vatnet kjenner eg røyklukt, og der er Brit Tove og Hans Gustav i Nordli (Kolltveithytta). Det er godt å ha ankerfeste på fjellet etter at huset deira brann i fjor haust. Og det er godt med supa og besøk om kvelden.





Det kjem ein skoddebanke sigande om morgonen, men han dunstar heldigvis bort for sola.















Nokre er galnare enn andre, men Jørgen er galnast. Han kjem opp tidleg, og kakkar hol i nattisen for å ta morgonbad. Han har og med stor saks, og klyppar brakestubbar og bjørkeris.


Det er mykje folk innom Fjellstovo, og den nypussa bedehuskjelen er i bruk. Hans Gustav, Brit Tove og Jørgen i solveggen.



Annlaug & Co er og på tur inn til vatnet, og dei har med besøk frå Husnes. Gunn Sølvi og Kåre kjem opp frå Haugland.















Dag har laga matskapet halvferdig, og lovar at det skal bli bra til slutt..

1 kommentar: