22. mars 2008

Påske 2008








Påska er ekstra tidleg i år, og det er uvanleg mykje snø i fjellet. Vatnet er trygt, og ein kan ta på skia langt nede i fjellvegen. Det er mange folk å sjå i fjellet, og fleire overnattar i hyttene. Fjellstovo har berre dagsbesøk: Oddlaug og Jørgen er oppe mest kvar dag, og Dag og familien er oppe fleire gongar.
Det er første gong etter vinteren at det er storreingjering, og takk til Oddlaug og Jørgen som feiar ut muselort og heile mus og meir til. Vi var kanskje litt sløve med å få unna matrestar sist i haust. Dette skal nok betre seg med isolering og tetting av golvet, matskap og bruk av plastboksar.
Elles har vi fått gasskomfyr, som vart kjørt opp av Kåre Vetrhus. Han står på plass, men er ikkje kobla opp.











Det er brukbart ver i påska, kaldt og mykje sol, og eit par dagar med verkeleg knallver. Her solar Nåso seg ein av desse dagane.


Berre for å visa at hytta står slik ho brukar, raud og fin..


Dag og Gjert brenn opp gamle dyner, madrassar, garn, kle og anna rask. Det varmar godt i nordavinden, og det vert ikkje att anna enn ein svart flekk på snøen.






Gjert kosar seg i solveggen, det er berre såvidt det går med slik påkledning.


Jørgen og Geir nyt påskesola, eventyrleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar