11. mai 2024

Mai 2024

 Det spørs om ikkje midt i mai er den finaste tida på fjellet, då alt lysegrønt spring ut. Isen er gått for lengst (iallfall eit par veker sidan). Det er nesten 20 grader i lufta, så hytta lyt varmast opp ved å opne vindauga..

Vassverket er sett i gang, det er alltid litt spanande om det kjem vatn i slangen, jamen tek det tid. Endeleg kjem det fint, og då høver det bra å spyla dokummen og skifta dunk. Kaien er justert på plass, det er nokså låg vasstand i vatnet.


Som sagt, fint på fjellet i mai



Har rydda nede ved stranda, under knausen.
Her er ein fin liten flate, skal vurdera ein
benk eller noko..

Greplyng




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar