31. oktober 2020

Haust 2020

 Hausten kan vera varm og solrik, ruskete og regnfull, og kanskje vinterleg med frosne myrer og snødryss. Det har vore litt av alt så langt i år, kanskje mest dei to første. Bileta er tekne på to ulike turar.

Hytta står fint i storm og stille, Jostein og Lasse har ordna ny ved, presenning og plater er satt opp mot regndrev og fokksnø. Det er vel snart tid for å leggja båten til for vinteren, og til slutt dra opp vannslangen..



Midt i september er skogen framleis grøn og fin

Haustfargane er sterke ut i oktober.
Biletet er og litt forsterka.


Sist i oktober, strålande ver, men veret er på opp,
og det er meldt kuling til kvelds.


Mannsvatnet kan vera ruskut, skumstripene
ligg langsetter. (Det var mykje verre enn dette,
men tok diverre ikkje bilete..)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar