11. september 2018

Haust eller seinsommar

Dag er til fjells for å gjera bot for det dårlege besøket i sommar. (Folk er vel lei av daud mus og isen som nett har gått).
Sommarveret er heilt klart slutt, og det liknar på haust, kalenderen seier det same. Mannsvatnet er heilt fylt opp og når gamle høgder. Det durar frå Stemno, og nivået stig kanskje 20 cm over brygga vår.
Det durar i omnen også etter ein stund, og då er det greit nok at det regnar mest i ett. Det vart mest inneteneste: loftvask, høyre på radio, ordna i vedskjulet, god mat, kjekke dagar.

Stormlykten er det einaste ljoset på fjellet.

Her er veret faktisk ganske bra ei stund.
Som de ser: hytta er også bra.


Båten er dregen opp så langt det let seg gjera,
vatnet står høgt. Takk til Lasse som skaffa nye
årer, de er veldig lette og gode.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar