Det har kome mykje snø i fjellet i januar, sjølv om det meste vart regn nede i dalen. Dag går opp i regn, på trass, og det vert etterkvart tungt å brøyta seg fram øvst i skogsvegen.
Fjellstovo er heilt nedsnødd på oppsida, og det er uråd å måka taket. Men svalgangen med inngongsdøra er genial, der er det mest ikkje snø.
 |
Det er ruskete vinterstemning om kvelden |
 |
Sønnavinden har klistra snøen på vegg og glas |
 |
I tillegg har fokksnøen trengt seg inn i skjulet |
 |
Det er bra med snø på oppsida av hytta.... |
 |
Eg har gløymt skismurning,
då er det greit med
årgangssmurning frå 1970-talet
|
 |
Den vesle Rød-hytta tek seg ut med kvit hatt |
 |
Vi har ubedne gjestar på loftet, ganske sikkert røyskatt. Sjå bilete av skiten. Han held til på det nye uteloftet og oppe over takplatene, heldigvis ikkje inne i den indre delen, heller ikkje i den nye gangen eller på do. Det er vanskeleg å gjera noko med det no, men til våren må han ut og vi må tetta grundig både her og der. Det vert nok også ein dryg vaskejobb.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar