26. mai 2016

Langtidsopphald

Dag er til fjells i mange dagar i det fine veret. Då vert det tid til arbeid, ettertanke, bading, mat, fjelltur og alt anna som ikke hastar.
Eg nyttar båten, som ligg i vinteropplag, får han på sjøen med litt strev, avdi oppdraget var drege skeivt her også. Det er noko som går..

Båten lek, og det er veldig irriterande. Det er ganske sikkert skruehola i kjølen som er syndaren. Kan nestemann (eg eller andre) ta med Sikaflex og klina på skruene både utvendig og innvendig? Dette er best i tørt ver før sjøsetjing. 

Men dette er berre småting, inga klaging, det gjevaste er å vera på fjellet!

Utekafeen er open. Bordet er snekra medan maten
kokar, og er av den enkle sorten..
Eg har med aure frå bygda; så mykje tiltru har eg
til eiga fiskelukke.
Kveldssol over Tysnes og Austevoll, frå
Langhaugane.
Det er stemning med bålpanna om kvelden.
Han gjorde forresten god nytte til å brenne all
slags rusk og rask neste dag, nede ved vatnet.
Utsyn frå Råkjo på Solfjell. Vi ser inste delen av
Mannsvatnet med Tverfjell, Gråfjell, Hauglands-
fjellet og Nåso i bakgrunnen.
Ein gråversdag er det i dag. Det kjem damebesøk
i år og, er det Arne sine som har fått smaken på
hyttelivet?
Veret lettar mot kveld, med dei finaste ver-syn:
'Jørgenbua' har fått eit strøk maling og tremmar
utanfor. Den er både praktisk og fin, og gjer hytta
meir skapeleg på den sida.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar